Fusjonar: Tiltak for betre samarbeid

Europakommisjonen lanserte 28. april ei høyring der dei ynskjer innspel om gode eksempel på samarbeid mellom nasjonale konkurransemyndigheiter i EU. Målet er å inspirere til betre informasjonsdeling mellom nasjonale myndigheiter om samanslåingar som ikkje er underlagt EU sin kontroll, men som må klarerast i ei rekkje EU-land.

Europakommisjonen offentleggjorde nyleg ei samling av gode eksempel på informasjonsdeling mellom nasjonale konkurransemyndigheiter i EU som dei ynskjer tilbakemeldingar på. Utkastet er utarbeidd av ei ny arbeidsgruppe på området, og ein kan komme med innspel fram til 27. mai 2011 til comp-a2-mergers@ec.europa.eu.

Fordelane med samarbeid om fusjonar er avhengig av samarbeidsviljen hjå selskapa som skal slåast saman, og er særleg effektivt i dei tilfella selskapa tillet at dei involverte konkurransemyndigheitene får utveksla informasjon. Det vil gjere arbeidet meir effektivt og oversiktleg, noko både myndigheitene og selskapa nyt godt av.

The Merger Working Group vart etablert i Brussel i januar i 2010 og er sett saman av representantar frå Europakommisjonen og nasjonale konkurransemyndigheiter frå fleire EU-land, i tillegg til observatørar frå konkurransemyndigheiter i EØS-land.

Etter at høyringsprosessen er avslutta og arbeidsgruppa har vurdert innspela, vil Kommisjonen gje ut ein siste versjon hausten 2011.