mai, 2021

04maiHele dagenHaramskonferansen 2021: Verdiskaping under ny normalitet

Detaljer

Haramskonferansen er ein regional næringskonferanse som vert ar arrangert av Haram Næring og Innovasjonsforum i samarbeid med Ålesund kommune og Ålesund Kunnskapspark. Årets tema er «Verdiskaping under ny normalitet». Bakteppet er ein usikker situasjon grunna pandemi, smittevern og aukande grad av nasjonalisering. For ein liten, open økonomi betyr det nye rammevilkår både for enkeltindivid og bedrifter. Klarer vi å skape verdiar og økonomisk vekst i ei meir usikker verd? Korleis balanserer myndigheitene helse og smittevern opp mot tilrettelegging for verdiskaping og berekraft? Kva er responsen frå næringslivet?

Det endelege programmet er snart på plass. Statsminister Erna Solberg og NHO-sjef Ole Erik Almlid er klar. Bedrifter presenterer gode eksempel: Gründer Christian Pritchard, Nortel AS og President Egil Haugsdal Kongsberg Maritime. Prosjektleder Marianne Nærø tar for seg arbeidet med Nordøyvegen i eit verdiskapingsperspektiv. Direktør i Teknologirådet Tore Tennøe ser på verdiskaping frå eit kompetanseperspektiv: «Korleis utvikle kompetanse bedriftene treng?» Professor Hans Petter Hildre følgjer opp med «Kva gjer NTNU for å utvikle kompetanse i tråd med næringslivet sine behov?»

Konferansen vert avslutta med eit «skråblikk» på konferansetemaet ved Thomas Hylland Eriksen. Ordførar Eva Vinje Aurdal ønskjer velkommen, og konferansier er Anette Bonnevie Wollebæk. Haramskonferansen 2021 skal vere ein fysisk møteplass, men covid-19 situasjonen blir løpande vurdert og konferansen kan bli utsett eller gjort delvis digital på eit seinare tidspunkt.

Vel møtt!
Konferanseavgift: 2500,-
Medlemmer HNI: 2000,-
Påmeldingsfrist: 04.02.2021
Stad: Ingebrigt Davik-huset

Påmelding her innen 29. april.

Mer

Tid

Hele dagen (Tirsdag)

Sted

Brattvåg

X
X