Europa gir råd for meir forsking og innovasjon i Møre og Romsdal

Møre og Romsdal får europeisk hjelp for å styrke forsking og innovasjon. Seks fagfeller frå heile Europa har gitt råd om korleis regionen kan utvikle seg.

© Denne artikkelen er skriven av Liv Randi Lindseth, redaktør for Interreg.no og vart først publisert på Interreg si nettside. Artikkelen er publisert her med løyve frå Interreg.no og forfattaren. 

Møre og Romsdal har lågare forskingsaktivitet enn resten av landet. No får fylkeskommunen hjelp frå ekspertar i heile Europa.

Seks fagfeller frå ulike europeiske regionar har gitt Møre og Romsdal fylkeskommune råd om korleis regionen kan utvikle seg.

I juni gjennomførte fylkeskommunen ei fagfellevurdering, også kalla «peer review», i samarbeid med Interreg Europe. Seks fagpersonar frå ulike europeiske regionar deltok i prosessen. Saman med Interreg-teamet brukte dei to dagar på å analysere situasjonen og gi konkrete råd til korleis regionen kan utvikle seg vidare. Hovudspørsmålet var korleis vi kan styrke samspelet mellom næringsliv, akademia og offentleg sektor for å få til meir forsking og innovasjon i Møre og Romsdal.

Vi ønskte ærlege og fagleg solide tilbakemeldingar frå folk som kjenner forskingssystema i ulike europeiske regionar. Ekspertane gav oss nettopp det, saman med konkrete forslag til korleis vi kan tenke nytt, seier Hilde Aspås, næringssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Fagfeller frå heile Europa

Dei seks fagpersonane kom frå Spania, Portugal, Sverige, Danmark, Finland og Nederland, og representerte universitet, kunnskapsoverføringsmiljø og regionale styresmakter. I løpet av to intensive dagar fekk dei innsyn i strategien for forsking og innovasjon i fylket, og møtte over 20 aktørar frå næringsliv, akademia og offentleg sektor.

 

Eivind Vartdal Ryste, seksjonsleiar for næring og nyskaping i Møre og Romsdal fylkeskommune. Foto: Terje Aamodt

Eivind Vartdal Ryste, seksjonsleiar for næring og nyskaping i Møre og Romsdal fylkeskommune. Foto: Terje Aamodt

Dei utfordra oss på det vi bør gjere annleis, og løfta fram det vi allereie får til. Det var både nyttig og inspirerande, seier Eivind Vartdal Ryste, seksjonsleiar for næring og nyskaping i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Vi fekk ærlege tilbakemeldingar på kva som fungerer, kva som manglar, og kva vi bør prioritere. Det var både bekreftande og utfordrande – akkurat slik det skal vere i ei fagfellevurdering, seier Ryste.

 

 

 

 

Frå innsikt til handling

Dag ein handla om å forstå utfordringane: låg forskingsaktivitet, svake band mellom kommunar og akademia, og mangel på kapital og kompetanse. Dag to retta blikket framover.

Fagfellene kom med fleire tydelege anbefalingar:

  • Bygg varige møteplassar og samarbeidsarenaer på tvers av sektorar
  • Bruk masteroppgåver, praksisplassar og nærings-Ph.D.-ordningar som bruer
  • Gjer høgskulane, universiteta og institutta til aktive drivkrefter for innovasjon
  • Delta meir i internasjonale prosjekt og nettverk

Fylkeskommunen tek no med seg desse råda inn i arbeidet med ein ny handlingsplan. Planen blir lagt ut seinare i år.

Vi ønsker å løfte forskingsaktiviteten i heile Møre og Romsdal. Det krev samarbeid, nye grep og ei tydeleg retning. Peer review-prosessen har gitt oss eit svært godt utgangspunkt, seier Ryste.

Desse ekspertane deltok

  • Fábio A. Lourenço Vieira, Azorane, Portugal
  • Harri Kuusela, Päijät-Hämeen regionråd, Finland
  • Karen Laigaard, Greater Copenhagen/ASTP, Danmark/Nederland
  • Karin Nygård Skalman, Mittuniversitetet og regionane Västernorrland og Jämtland Härjedalen, Sverige
  • Nina Arnhold, internasjonal høgare utdanningsspesialist, Nederland
  • Ricard Esparza Masana, Universitetet i Barcelona, Catalonia, Spania

Kva er ein peer review?

Ei fagfellevurdering (peer review) er ei systematisk vurdering der ekspertar frå ulike land analyserer styrkar og utfordringar, og gir råd om korleis eit område kan utvikle seg vidare.

Les meir her

Artikkelen ble publisert på Interreg.no her.