Alver har blitt medlem av VNB
Alver er den nyaste kommunen i VNB-nettverket. Alver er ein sentral industrikommune med internasjonalt utsyn.
Alver kommune ligg i Vestland fylke, nord for Bergen, og er ein sentral kommune i Nordhordland og Bergensregionen. Kommunen vart etablert 01.01.2020 gjennom samanslåing av Lindås, Meland og Radøy, og har rundt 30 000 innbyggjarar. Alver har eit variert næringsliv og kombinerer sterke natur- og kulturressursar med strategisk plassering langs kysten.
Alver er del av biosfæreområdet i Nordhordland, der berekraftig utvikling og samspel mellom natur, lokalsamfunn og næringsliv står sentralt. Kommunen er òg vertskommune for Mongstad, eit av dei viktigaste industriområda i Noreg, med oljeraffineriet som ein sentral del av den nasjonale energiinfrastrukturen. Med utgangspunkt i denne industrikompetansen arbeider Alver aktivt for vidare utvikling av grøn industri og framtidsretta arbeidsplassar, med vekt på omstilling, teknologi og meir berekraftige energiløysingar.
«For Alver kommune er medlemskap i Vest-Norges Brusselkontor ein måte å styrkje kontakten med Europa på. Vi har eit næringsliv med sterke internasjonale koplingar innan industri, energi, hav, teknologi og eksportretta verksemd, og då er det viktig å vere tettare på relevante samarbeid og moglegheiter.»
– Ordførar Sara Hamre Sekkingstad (Sp)
Gjennom Vest-Norges Brusselkontor får Alver kommune tilgang til eit regionalt nettverk for europeisk samarbeid. Ordføraren peikar på at det er verdifullt både når det gjeld kommune si rolle som samfunnsutviklar og som tilretteleggjar for næringslivet, særleg i arbeidet med grøn omstilling, teknologiutvikling og framtidsretta arbeidsplassar.
Kommunen har erfaring med EU-prosjekt og har mellom anna leia Erasmus+-prosjektet «Shift Skills», der målet var å kople næringslivet sine kompetansebehov tettare til utdanningstilboda i vidaregåande skule. Vestland fylkeskommune var også med i prosjektet, i tillegg til partnarar frå Nederland og Tyskland. Eit konkret resultat av Shift Skills er eit gratis kompetanseprogram der andre kan dra nytte av erfaringane til prosjektet. Det vart lansert på eit webinar 25. juni 2026, der VNB-direktør Audun Lysbakken leia panelsamtalen under arrangementet.
Å få Alver kommune med i VNB-nettverket er et stort løft. Kommunen har allerede gjort seg bemerket i europeiske prosjekter, og har mye å lære bort. Vi håper medlemskapet vil bidra til at Alver får enda mer gevinst av både europeisk samarbeid og samarbeidet vårt i Vest-Norge.
– Audun Lysbakken


VNB