Høgskulen på Vestlandet (HVL) blei først etablert 1. januar 2017, då Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskulen Stord/Haugesund slo seg saman til éin. HVL er i dag ein av dei største høgskulane i landet, med over 16 000 studentar og 1 400 ansatte.

Høgskulen har sterke og innovative fagmiljø fordelt på fem campusar i Bergen, Sogndal, Førde, Stord og Haugesund.

Høgskulen er kjent for å ha ein tydleg arbeidsretta profil i utdanningsprogramma sine, og er derfor ein viktig støttespelar for regionen dei er en del av. Dei ønsker å vere ein aktør for innovasjon og verdiskaping i framtida, der målet er berekraftig utvikling gjennom riktig kompetanse i vestlandsregionen.

HVL sin strategi for 2019-2023 kan leses her.

Våre medlemmer