vnb-banner

Brukerkonto



Jølster PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Arne Monrad Johnsen   
mandag 04. januar 2010 21:34

Jølster er ein kommune i Sogn og Fjordane og ligg i Indre Sunnfjord. Det er to tettstader i Jølster; Vassenden og Skei. Vassenden er no størst av dei to, noko som truleg kjem av nærleiken til byen Førde. Skei er kommunesenteret, og har eit mindre tilfang av innflyttarar. Jølster hadde 2950 innbyggjarar i 2009.

Det høgste fjellet i kommunen heiter Snønipa, og er 1 827 meter høgt. Mykje av låglandet og dei fleste grendene i kommunen kretsar i stor grad rundt det store Jølstravatnet, som ligg om lag 200 moh. Namnet Jølster stammar frå det norrøne uttrykket «jolmster» som tyder bråk og larm.

Kommunen grensar i nord til Gloppen og Stryn, i aust til Luster og Balestrand i sør og i vest til Førde, og i nordvest til Naustdal.

Dei største næringane i kommunen er jordbruk, turisme og byggeverksemd. I tillegg er Jølster ein kraftkommune. Jordbruket i Jølster har lange og gamle tradisjonar. Dei to hotella på Skei og Vassenden dukka opp mellom 1890 og 1910. Før den tid har ein lenge drive skysstasjonar og breføring for turistar. Eit klart fleirtal av føretaka i kommunen driv i dag med turisme, men då hovudsakleg overnatting og camping. Byggeverksemda er ein nykommar i næringslivet til samanlikning med dei to andre, og har kome i kjølvatnet av utviklinga av byen Førde som regionalt handlesenter.

Jølster kommune si nettside finn du her.

 

 
venstre-fjord
midt-blaabaer
113-1318_IMG