OD Europe in my region 2014

Er regionen vår smart nok?

Som partnar i Open Days skal alle regionar som deltek også ha eit arrangement i sin heimregion under headingen ”Europe in my Region”. Vest-Norges Brusselkontor arrangerer sitt lokale arrangement i samarbeid med Hordaland fylkeskommune 12. november, kl. 9.00-12.00 i Bergen.  Tittelen for arrangementet er ”Er regionen vår smart nok?”

Tema: EU set fokus på smart spesialisering. Gjennom ei rekkje strategiske tiltak blir regionane oppfordra til å vidareføre og utvikle sine fortrinn i samarbeid med forskings- og kunnskapsmiljøa. Kva kan vi gjere for at regionen vår skal bli smartare og meir framtidsretta? Korleis kan vi få inspirasjon frå andre regionar i Europa? Er det midlar å henta frå EU? Desse spørsmåla vil bli diskutert i seminaret ”Europa i min region”. Norske og europeiske regionar og lokale nettverksorganisasjonar innleiar til debatt.

 Målgrupper: Politikarar og tilsette i kommunar og fylkeskommunar. Utdannings- og forskingsinstitusjonar, næringslivs- og nettverksorganisasjonar og andre interesserte.

Her finn du programmet og du kan melde deg på via denne linken

Her finn du meir informasjon om alle dei lokale Open Days seminara som foregår i Noreg i haust.